Hjulgrabb Underhaug

Hjulgrabb for transport og fordeling av gras, halm eller anna grønfôr inne i fjøset eller rundt på garden.

Han er først og fremst berekna for transport og fordeling av silogras, vått gras, lutt halm og anna grønfôr inne i fjøset. Han er lett å arbeida med, og den store fordelen er at all manuell på- og avlessing bortfaller. Arbeidsstudiar viser at ein kan utretta langt meir med ein hjulgrabb enn når ein slit manuelt.

Annan transport med hjulgrabb

Hjulgrabben er dessutan ein hendig lita kjerre som kan nyttast til diverse småtransporter på garden. Det kan vera ein sekk kålrot som skal ut i ein ventande bil, eit par halm- eller høyballar som skal flyttast eit stykke, ei kasse med eitt eller anna som skal inn, eller ein annan liten transport som skal utførast. Hjulgrabben er då god å ha for handa.

Lett og robust hjulgrabb

Hjulgrabben er konstruert som ein liten høysvans, med 5 ståltindar som ber lasset og ei tong som knepper til og held det på plass. Lasset på hjulgrabben blir frigjord ved at ein trår på ein utløserspak. Han rullar lett på store gummihjul og det er ingen problem å handtera lass på 75 – 100 kg.