Diagonalplog PD Holms
Effektiv snørydding med diagonalplog.
Holms PD diagonalplog er perfekt for snørydding på landeveg og store område. Den nye modellen har eit slankare senterfeste som gjer at plogen kjem nærare bæremaskinen, noko som gir betre sikt.
Diagonalplog perfekt for landeveg og store område
Med rett kropp og bua topp, får snøplogen eksepsjonelle køyreeigenskapar og gjer køyring lett. Forma er utforma for å gi så god rotasjon på snøen som mogleg, men likevel halda oppe den smale profilen.
Holms PD diagonalplog blir testa på fabrikken og er klar til å setjast i arbeid med ein gang.
Mindre snøføyk
Snøplogen er forma for å gi eit undertrykk bak plogen. Det resulterer i mindre snøføyk og betre sikt.
Enklare service
Holms PD snøplog er lett å halda ved like, noko som gir dei riktige føresetnadene for lang levetid.
God balanse og låg vekt
Holms PD snøplog er konstruert med tanke på låg vekt, høg styrke og fleksibilitet. Plogen følgjer underlaget utan å skada overflata.
Diagonalplog med enkel og dobbel pendling
Vel mellom enkel og dobbel pendling. Enkel pendling betyr at snøplogen følgjer hellinga til underlaget på tvers av køyreretninga, medan dobbel pendling betyr at snøplogen følgjer underlaget både på tvers av køyreretninga og i køyreretninga. Enkel pendling er standard på alle snøplogar, dobbel pendling er tilbehøyr. Vi kallar dobbel pendling for FloatArm.
FloatArm™ – Smartare marktrykk
Vi anbefaler Holms FloatArm™. Ved hjelp av tilten stiller du raskt og enkelt inn marktrykket til plogbladet. Med riktig marktrykk får du ein skånsam og behageleg ferd, samtidig som slitasjen på skjeret og risikoen for sidekast blir redusert. Med FloatArm får du òg ein innebygd behageleg pendling i køyreretninga. For å utnytta funksjonen til FloatArm™ fullt ut, må lasterarmene ikkje vera i flytestilling.
Fordeler med Floatarm ™
Fleksibilitet mot underlaget
Mindre risiko for sidekast
Marktrykk blir tilpassa underlaget under drift
Lavere drivstofforbruk
Mindre skjerslitasje
Meir stille gonge
Høyere fart
Meir behageleg og avslappande køyring
Spesifikasjoner
Holms diagonalplog PD
Kommunalplate, 3-punktsfeste eller lasterfeste
Hurtigkoblingsbolter for sliteskjær kan leverast på førespurnad
Plogen blir levert med enkel eller dobbel pendling
Holms Industrier er markedsledende til hjullastermarkedet