Kantklipper TBE – TBES 102
Fleksibel og robust!
Sidan tidene skiftar og praksis innan landbruk og landskapspleie endrar seg, har TBE maskinene utvikla seg fram mot 102 generasjonen. Bønder og maskinentreprenøren har lang og god erfaring med desse maskinene: Dei er konstruerte for å halda!Desse kraftige maskinene er utvikla for å brukast intensivt. Dei toler store belastningar med sin robuste konstruksjon. Med arbeidsbreidder frå 1,79 til 2,30 m passar dei godt til vedlikehald av åkerkantar, driftsvegar, brakkmark og beitar.
Fleksibel og robust!
Det er heile 6 modellar tilgjengeleg i 5 arbeidsbreidder (1,79 m til 2,50 m). Dei taklar alt frå intensiv kantklipping av gras til kratt. TBES 102-serien har stor sideforskyvning.
Robust på alle måtar
Påkjørselssikring
Det fjærbelastede tryggingssystemet «Non-Stop» gjer at ramma vik unna dersom det blir køyrt på ein stor stein eller andre hindringer. Etter at hindringen er passert går maskina automatisk tilbake i arbeidsstilling. Vidare er dei andre mekaniske delane som kan vera utsett for spesielle belastningar (ramme, reimer, lager o.s.v.) verna av ein 4 mm tjukk stålkappe for å hindra at dei blir øydelagde.
Rotorar og djupnevalsar: Konstruert for å vara
Rotoren – hjartet i maskina Selv ein liten ubalanse kan gi stor slitasje på andre komponentar.Kvar rotor som forlèt fabrikken er nøye balansert med grundige prosedyrar og høgkvalitets maskineringsverktøy.
Robuste komponentar
Som dei andre KUHN maskinene er òg TBE og TBSE 102 serien produsert av spesialstål. Ein 4mm sveisa kappe, vernebøyler føre og deksel over reimene vernar maskina. Under maskina er det påskrudde, bua, slitesterke meier av Hardox som vernar spesielt godt når maskina arbeider langs vegkantar.Ramma i desse maskinene er laga for tøffe tak. Deira pålitelighet og varigheit er uslåelig. Nokre detaljar:
Tilkoplingsramme 120 x 120 mm
80 mm brei parallellogram-arm på 40 mm aksling
Engangssmurte lager i alle ledd.