Krpan 4,5EH

Krpan 4,5EH

Skogvinsj på 4,5 tonn inntrekkskraft. Han har komplett innebygd hydraulikksystem med pumpa, sylindrar og oljetank. Ingen oljeslangar frå traktor. Vinsjen jobbar optimalt utan at ein må ta omsyn til oljemengde og oljetrykk frå traktor som kan føra til at vinsjen har veldig treige eller for raske funksjonar. Kan bytast mellom fleire traktorar utan å tenka på oljemengde og trykk.

Vinsjen har automatisk brems som standard som gjer at radio fjernstyringen kan betena både inntrekk og utløsing av brems, ein slepp å gå tilbake til traktor. Det er òg moglegheit for å montera turtal økning-senking på traktor (ekstrautstyr) som blir betent frå fjernkontroll.

Vinsjen har held for motorsag, integrert verktøykasse for oppbevaring av kjettingar, verktøy, o.l., trinsa nede for lågt inntrekkspunkt, avtagbart tilhengarfeste for å kunna trekka etter seg ein liten tilhengar.

Vinsjen er 387 kg utan vira og lunnepanna har ein breie på 1415 mm. Vinsjen er produsert av høg kvalitet. Alle delar er laserskjært, deretter sveisa med robot og etter at vinsjen er sannblåst og vaska er han til slutt pulverlakkert .

Vinsjen blir levert med vaier i særs høg kvalitet frå den tyske produsenten Taurus. Anbefalt 9mm vira til denne vinsjen har ei brotkraft på heile 9,09 tonn. Den har ei glatt valsa overflate med forbausande god bevegelighet. Må prøvast!

 
krpanGasta Design