Lessevogn Boss 3000 Master Pöttinger

Ein ideell lessevogn for mindre gardar og gardsbruk i bratt terreng.

Det innovative EVOMATIC lastesystemet set ein ny standard når det gjeld gjennomstrømning og enkelt vedlikehald.

Mykje tilleggsutstyr

Takka vere det breie utvalget av tilleggsutstyr, som antall knivar, høgt lastekammer eller lavprofilvogn, samt versjonar med slagrotorar og ulike chassisalternativ, kan vognen tilpassast dine behov. 

BOSS 3000 MASTER er designa for dagleg innsamling av grunnleggande rasjonar, klassiske ensilasjeapplikasjonar og høsting av høy og halm.

Valfritt etterfølgande jockeyhjul-chassis, EASYMOVE utsvingbar knivbank, valfri automatisk lasting og ISOBUS-kompatibilitet.

Ny pick-up

Med ein side-til-side bevegelse på 120 mm på ytre tind, sporar pickupen bakkekonturane.

Dei 5 radene med kontrollerte tindar sikrar rein og ryddig raking, og sikker overføring av fôr til lasteininga. Fôrflyten blir og fremja av ein skårvalse, som kjem som standard.

Å kjøre pick-upen med kilereimer gjer det mogleg å unnlate slureclutch og reduserer slitasjen ytterligare. Drivlinja er ikkje utsatt for vridning som kan oppstå med ein flytande pick-up.

Den nye pickupen slår seg av på vendeteigen og i klemmen. Det gjer det enkelt å kjøre over skår og gjennom klemmen.


Chassis hjul

Eit ekstra støttehjul-chassis bak pickupen sørger for påliteleg navigasjon i ujevnt terreng og hindrar at sidejockeyhjula sig ned i hjulmerke.

Dette hindrar tindene i å skrape bakken sjølv under tøffe forhold, og minskar inntrenging av skit.

Rullane er syntetiske og har avrunda felgar. Dette hindrar at smuss festar seg og sikrar ein jevn sving.

Terminal

Alle lessevogner i BOSS 3000-serien kan nyttast ved hjelp av din ISOBUS traktorterminal. Den nye SELECT CONTROL-terminalen kan ein og bestille som ekstrautstyr. 

5″ berøringsskjerm kombinert med 8 funksjonstastar gjer den intuitiv i bruk. Ein styrer maskinen ved hjelp av forhandsval. Når funksjonane er valt, blir dei utført av hydraulikken. Skrapegulvet styrer ein manuelt ved hjelp av ein ekstra spoleventil. Ein ekspansjonspakke gjer at skrapegulvet kan kontrollerast, inkludert hastigheta, ved hjelp av terminalen.

Med det valfrie komfortkontrollsystemet kan alle funksjonane utførast direkte.


Kontaktpersonar