Lessevogn Boss Junior Pöttinger

Lessevogner med delte matefingeraksler

Lette å trekka, høg kapasitet og fleksibilitet kallar BOSS JUNIOR . Også hos mindre driftseiningar må ein kunna hausta kvalitetsfôr. Høy fôrkvalitet sikrar høgare utbytte. Lessevognen er utvilsamt metoden for høsting av fôr i bratt terreng til lågast mogleg kostnad. PÖTTINGER innmatingssystemer med matefingre og det sofistikerte knivaggregatet er spesielt skånsamt med fôret. Spillfritt opptak og høg lessekapasitet med lågt kraftbehov er dei spesielle eigenskapane hos lessevognene med matefingre. Dei er ideelle for dagleg høsting av grønt gras, men også for tørt høy og halm.

Utval av drag

Trekkdraget kan tilpassast kvar traktor med trinnløs høgdejustering. Eit hengsla trygdhjul sørger for problemfri køyring over høge strenger. Det ledda draget med hydrauliske justering (tilleggsutstyr) med 60 cm bakkeklaring under pickup'ein, garanterer uhindret køyring i plansiloar og over store ujevnheter.

Lett konstruksjon med store fordeler

Den robuste ramma av profilstål er konstruerte for tung belastning.

  • Eit solid hjulunderstell med breie dekk og aksel med bremsar gir tilstrekkeleg trygging I bakkane.

  • Dei stabile metallveggene er galvaniserte og kunststoffbelagt. Det spesielle belegget sikrar lett og problemfri lossing av fôret.

  • Tørrfôroverbygget er fjæravlastet og lett å legga ned.

  • Tett oppspente taksnorer sørger for at avling ikkje går tapt.

  • Bakveggen er utstyrt med hydraulisk betening frå førerhuset som standard


Perfekt terrengtilpasning – skånsam med underlaget

Pick-up'ens kambane med innvendige del er laga av stål med høg kvalitet, ingen støypte delar. Ein inspeksjonsluke for rask kontroll av rullar ogkambane er standardutstyr. Dei permanent smurde, to-radede styrerullane med rullelagere, er robuste og konstruert for høge belastningar.Innløpsbanda på pickup'ein som går over i  innmatingsaggregatet gjer at smuss og steinar kan falla gjennom, noko som gir mindre forureining av fôret og mindre belastning på knivane.

Pick-up – Grasstrengen må starta rein

  • 1,55 m brei pick-up med 4 tindrekker. Pick-up tindane blir lett styrte bakoverlent og blir førte skånsamt over underlaget. Dette vernar grastorva og gir eit reint opptak.

    Den optimale pendlingen og den sterke vektavlastningen gjer at pick-up'ein kan tilpassa seg ujevnheter på ein optimal måte.

    Dei luftfylte pick-up hjula (15×6.00-6) med 8 høgdeinnstillingar bidrar til at tindane går med nøyaktig avstand til bakken.

    Fremre kant av sideplatene på pick-up'ein er bøygd utover og leier kvar avlingstype inn i matekanalen. Den høydejusterbare pressplate sikrar jamn innmating i kort avling.

    Den hydrauliske hevinga av pick-up'ein skjer via to sidemonterte løftesylindrar. Pick-up'ein slår seg automatisk av når han blir heilt opp heva.

    Pick-up'ein blir driven frå sidan via kjedehjul og eit kjede. Frihjulkopling vernar tindane ved rygging. Kjedehjulet kan dreiast for hand med den medfølgende spaken, t.d. for vedlikehaldsarbeid.

Spesifikasjonar

  • Hydraulisk opning av bakvegg

  • Hydraulisk betening frå traktorhytte

  • Heavy-duty tindeinnfesting

  • 3 innmateraksler

  • Hydrulisk drift av botnbelte

  • 540 omdr. Pto

  • Kraftoverføringsaksel m/vidvinkelledd I ein ende, med tryggingskopling

  • Lysutstyr