Rotorharv HR Kuhn
Rotorharv HR Kuhn
Jamn, nøyaktig tillaging av såbed
KUHN HR 1004 rotorharver er konstruert for å gi eit jamt såbed med éi køyring etter t.d. pløying, noko som sparer både tid og pengar. Desse rotorharvene legg grunnlaget for jamn, fin spiring. Djup eller grunn harving, vår- eller haustarbeid, våte eller tørre forhold, desse rotorharvene er svært effektive under alle forhold.
Sideplater
Sideplatene gir jamn overflate utan “kammer” – uansett jordtype og arbeidsdjupne. Effektivitet og kvalitet blir halden oppe, sjølv om du treffer ein stein. Sideplatene kan justerast utan bruk av verktøy.
Djupnekontroll
Valsehøyden blir justert enkelt ved å setja boltar inn i ønskte hol. HR 1004 D-serien blir leverte med fleire valsealternativ for å dekka forskjellige behov.
Pakkevalsar
KUHN har ei rekke pakkevalsar for forskjellige behov/ønsker/oppgåver.
For tørre, lite klebrige jordarter, utan integrert såmaskin, gir MaxiCrumbler med diameteren til 20-tommar svært gode resultat under steinete forhold.
For pakka, siltig eller klebrig jord er MaxiPacker med diameteren til 21-tommar eit godt val.