Slåmaskin Novadisc Pöttinger
Knivbjelken er hjartet i PÖTTINGER slåmaskiner. Han er testa i tusental gjennom lang tid. Knivbjelken til NOVADISC skiveslåmaskiner er eit kvalitetsprodukt frå Austerrike – utvikla og produsert ved fabrikken i Grieskirchen.
Snittkvaliteten på førsteklasse, stabil konstruksjon og lågt effektbehov er sikre kjenneteikn på PÖTTINGER knivbjelkar. Ei rekke unike konstruksjonsdetaljar garanterer ei påliteleg maskin med lang levetid.
Optimal flyt – reint fôr med slåmaskin frå Pöttinger
Den låge, glatte fronten får knivbjelken til å gli jamt over underlaget. Han skil effektivt ved å pressa torva ned og løfta graset opp. Transporteffekten til skivene har vorte forbetra ved bruk av runde koniske flater. Fôret flyter raskt og uhindret gjennom maskina under forholdet til alle slag. Integrerte medbringere held slåttebjelken rein og hindrar klabbing.
Slåmaskin som gir perfekt slått
Den tynne slåttebjelken er berre 280 mm brei. Det er ein av fleire grunnar til at ho følgjer underlaget så nøye. Knivane roterer tett ned mot slåttebjelken og motstålet. Knivanes overlappingsmønster gir ein effektiv slått og etterlèt ein rein stubb med god gjenvekst. NOVADISC bakmonterte slåmaskiner har ein lett konstruksjon som har lågt effektbehov.
Låg vekt og liten friksjon
Vekten på desse bakmonterte slåmaskinene utan stengelbehandlar er haldne så låg som mogleg. Maskinene er nette og lettkjørte med arbeidsbreidder frå 2,20 m til 3,46 m. Dei er særs effektive og passar godt på breie traktorar og traktorar med tvillingmontasje. Derfor er det òg utvikla to ulike festar.
Bakkekontakt
To kraftige fjører sørger for at knivbjelken har riktig bakkekontakt sjølv om underlaget kan vera ujamt. Marktrykket kan justerast ved hjelp av trekktengene og balansefjørene.
Slåmaskin NOVADISC løft
Slåmaskinen blir senka slik at den ytre enden av knivbjelken kjem først i kontakt med bakken. På vendeteigen blir løfta den inste delen først. Det er mest skånsamt for grastorva.
Lettkjørt og påliteleg.
Knivbjelken er lett og utan sko på innsida. Giren til knivbjelken ligg rett bak den første skiva. Det betyr problemfri slått i hjørne og over ujevnheter. Reimoverføringen er effektiv og stillegående. Inntakspartiet er solid og slepp gjennom store fôrmengder.
Spesifikasjonar
3 pkt. montert kat. II – forskyvbare tappar
Heavy-duty tindeinnfesting
540 omdr. pto
Pto – aksel med friløp
Mekanisk sikkerhetsutløser ved påkøyring
Kilereimsdrift
Fjæravlastning – vektavlastning på slåtteaggregat
Hurtigskift av knivar
Behov – hydraulisk uttak, 1 enkeltvirkende med flyt