Slepeslåmaskin FC 1061 TC Kuhn
Midtstilt drag: Maksimal kapasitet!
FC 1061 TC modellane med midtstilt drag blir leverte med arbeidsbreidde frå 3,10 m til 4,40 m. Disse maskinene er særs raske og fleksible på vendeteigane. Kapasiteten aukar med 10 til 15 % samanlikna med maskiner med sidemontert drag! KUHN GIRODYNE er eit fleksibelt og brukarvennleg system som gjer det enklare å produsera grovfôr av høg kvalitet. Det finst òg modellar med bakmontert belte for rankelegging (3,10 m og 3,50 m).Vel den stengelbehandlaren som passar til avlingen: TCD-modellene med DIGIDRY stålfingrar passar godt under forholdet til alle slag og spesielt i langt fôr; TCR-modeller med SQUAREFLEX gummivalsar passar for ømtålege avlinger; eller TCS-modellene med DOUBLE CRIMP stålvalsar.
Midtstilt drag: Maksimal kapasitet!
FC 1061 TC slåmaskiner med stengelbehandlar blir leverte i fire arbeidsbreidder (3,10m til 4,40 m). Maskiner med midtmontert drag og GIRODYNE er raske å manøvrera. FC 3161 og 3561 TCD RA har belte for sammenlegging av rankar.
Lag rankar utan raking med tverrstilt belte på RA-modellene
Det tverrstilte beltet bak på FC 3161 TCD RA og FC 3561 TCD RA modellane gjer dei ideelle for høsting av avlinger til surfôr. Løysinga er òg særs fleksibel i forhold til korleis avlingen skal leggast opp. Med beltet kan ein samla to rankar så snart dei er slått for å laga:
Dobbel ranka som passar for pickupen på store finsnittere.
Smal ranka som passar for presse eller lessevogn.
Når ein bruker beltet til rankelegging sparer ein ei køyring med rive. Det betyr mindre tap, reinare fôr, mindre jordpakking og lågare drivstofforbruk.Beltet er plassert bak og parallelt med slåmaskina slik at avlingen kan leggast ut til høgre eller venstre. I kombinasjon med ein frontmontert slåmaskin er det enkelt for føraren å tilpassa den frontmonterte maskina til skårkanten. Beltet kan løftast og farten kan regulerast løpande for å tilpassa ranken til skårkanten og eventuelle avvik i hellande terreng.
Alle funksjonar som ein treng å overvaka på maskin og transportbelte blir styrte frå ein kontrollboks i traktorens førerhus. Kontrollboksen er standardutstyr. Blant dei mange viktige funksjonane er styring av beltefart og utkast til høgre eller venstre side.Transportbeltet blir drive av ei integrert hydraulisk eining med pumpa som blir driven frå kraftuttaket på GYRODINE. Oljekapasiteten til traktoren er ikkje lenger noko problem!