Sprederive GF 10012 Kuhn
50% mindre skraping i grastorva
GF 13012 og GF 17012-modellane med høvesvis 12 og 16 rotorar er særs effektive. GF 17012 kan omarbeida opp til 150 då per time. Begge modellane rakar optimalt og med GSC- systemet (GSC = Ground Save Control) følgjer dei underlaget nøyaktig. Skraping i grastorva blir reduserte med 50%, så avlingen er mindre forureina og tørketida er kortare. Det aukar næringsinnhaldet i fôret. Heile avlingen tørkar jamt, slik at ho kan haustast på det ideelle tidspunktet for å få fôr av høg kvalitet!
50% mindre skraping i grastorva
GF 13012- og GF 17012-modellane har høg kapasitet med høvesvis 12 og 16 rotorar med liten diameter. Dei har GSC-systemet (Ground Save Control) som gjer at dei følgjer bakken like godt som maskina til ein 4-rotor med 50% mindre skraping i grastorva*
GSC (Ground Save Control) innovasjon for kvalitetsfôr
50% mindre skraping i grastorva
GF 13012 og GF 17012 følgjer underlaget like godt som mindre modellar. GF 17012 fungerer som ein åtterotors maskin, eller som fire maskiner med fire rotorar.Det eksklusive GSC-systemet (Ground Save Control) får rotorane til å følgja underlaget nøyaktig. Tilkoplinga har eit avlangt hol slik at armen som rotorane er festa til, kan røra seg uavhengig av ramma. Rotorane blir styrte av konturane i bakken i staden for av hovudramma.Spesielle funksjonar:
Det eksklusive GSC-systemet (Ground Save Control) gjer at rotorane kan røra seg uavhengig av hovudramma.
I arbeidsstilling kviler vekta til ramma på dei store transporthjula.
Rotorane med liten diameter tilpassar seg underlaget uavhengig av hovudramma for å raka med seg alt utan forureining og tørka avlingen raskare.
Hjula er plasserte veldig nær tindane for å redusera forureining i rankene og sikra lang levetid på tindane.
Små rotorar, store resultat: 33% raskare tørk
Ekspertene er overtydd. Små rotorar gir betre fôrkvalitet. Ifølgje Weser Ems Chamber of Agriculture i Tyskland gir dei 33% raskare tørketid. Ekspertane frå DLG (Agricultural techniques Organization) seier at små rotorar vender avlingen fullstendig og fordeler avlingen særs jamt. Sjå testresultata!Ekspertane er overtydde, og brukarane sver til dei. For bønder som vil hausta førsteklasses avling, er det mange fordeler med små rotorar:
Stor angrepsvinkel medan avlingen blir vend.
Rask og jamn tørking.
Fullstendig effektiv vending av avlingen.
Jamn fordeling.
Eksepsjonell evne til å følgja underlaget.
Trepunktsmonterte høyvendarar har lite overheng for å redusera løftekraftbehovet.
Redusert effektbehov
Dei individuelle rotorkoplingane, identisk avstand og asymmetriske tindar sørger for at heile avlingen blir vende, sjølv om han er lang eller tett og underlaget er ujamt. Juster stigningsvinkelen til tindane på berre 2 minutt (utan verktøy) for å tilpassa riva til avlingsmengden.