Sprederive GF 102 Serie Kuhn

Økonomisk og effektiv

KUHN GF 102 rotorvender er laga for produksjon og rask, jamn tørking av kvalitetshøy på mindre areal. Desse venderane har alle funksjonane som blir kravde for å laga kvalitetshøy, utan at dei dermed er vanskelege å bruka. Desse maskinene har rotorar med liten diameter som vender høgt fullstendig og jamt så det tørkar svært raskt. Rotorhøgda og tindevinkelen kan enkelt justerast for å optimalisera vendinga i ulike avlingstyper og mengder. Dei kan justerast så ein kan køyra langs kanta på feltet utan at høyet blir kasta ut av feltet eller på gjerde.

Økonomisk og effektiv

KUHN 102-serien består av både trepunktsmonterte og slepte høyvendarar med arbeidsbreidder frå 8'6“ til 16'5”. Desse høyvendarane er effektive på jordet og smale langs vegen så ein kjem raskt frå felt til felt. Dei er økonomiske, svært effektive, pålitelege og varer lenge.


God fordeling gir rask og jamn tørking

Liten rotordiameter

Små rotorar er ein suksessfaktor for produksjon av kvalitetshøy! På grunn av den bratte stigningsvinkelen sin gir små rotorar mange fordeler. Dei har ein brei angrepsvinkel medan heile avlingen blir vend. Ein oppnår rask og jamn tørking ved fullstendig vending og jamn fordeling av avlingen. Med små rotorar oppnår ein eksepsjonell god tilpasning, til underlaget. Dei krev lite effekt og ein får minimal avstand til tyngdepunktet på trepunktsmonterte høyvendarar så dei blir lettare og løfte.


Kvalitetstindar

Når det gjeld tindane som faktisk behandlar avlingen, overlèt KUHN ikkje noko til tilfeldighetene: Råvarer av topp kvalitet er gjort om til tindar med fire fjørspolar og lange fingrar. Dei er ekstremt pålitelege. Eit spesielt feste til tindearmene gir desse tindane ei levetid på minst 180 000 syklusar. Dette betyr fleire hundre arbeidstimar før tindane må skiftast. Asymmetrisk tindelengde betyr at begge fingrane tar like mykje tak i avlingen og plukkar ho jamt opp utan spel. Skjermen rundt tindane hindrar at rusk og avlingsrester ikkje festar seg i fjørene.


Asymmetrisk tindelengde

Den asymmetriske tindelengden med lengre, ytre tindar har fleire fordeler som bidrar til kvaliteten på maskina. Dei ytre, lengre tindane får tidlegare tak i avlingen enn om ein tindane var like lange. Det blir òg meir fullstendig raking langs kanta og mellom rotorane, sidan tindane overlappar meir i dette viktige området. Raskare kontakt med avlingen betyr at den faktiske arbeidsbreidda til kvar rotor blir utvida, og då blir jo heile arbeidsbreidda til maskina større. (Unntatt GF 222)


 
 
 
Sprederive KuhnGasta Design