Frontslåmaskin Novacat Alpha Motion PRO
Grenselaus slått med frontslåmaskin frå Pöttinger
Frontslåmaskin ALPHA MOTION teknologi er basert på monteringsrammens avanserte utforming. Samanlikna med andre monteringsrammer bruker ikkje Alpha Motion løftearmene åleine, men også sjølve tilkoplingsramma for å fanga opp ujevnhetene i underlaget. Derfor følgjer knivbjelken underlaget så godt; han peikar opp når ein køyrer oppover og ned når ein køyrer nedover. Eit svært raffinert reiskapsoppheng gir Alpha Motion frontslåmaskina dei beste terrengeigenskapane. Sjølv i høg fart følgjer frontslåmaskina bakken svært godt. Resultatet blir ein perfekt slått med ønskte stubbehøgde over heile arealet, og mindre urenheter i fôret. Då opphenget er heilt mekanisk klarer frontslåmaskina å følgja med på raske endringar på konturane til bakken ved høge køyrefartar.
Ekstremt effektivt oppheng av slåtteaggregatet gir ein total vertikal vandring på 500 mm. Frontslåmaskinen toler inngangsvinklar på opptil 12o opp og opptil 9o ned utan å mista kontakt med underlaget, dette skånar gras-enga og maskin. Stor bakkeklaring på 350 mm på vendeteig og i transport.
Frontslåmaskin NOVACAT ALPHA MOTION PRO vart tildelt prisen som «årets maskin» på Agritechnica i Hannover. Ein internasjonal jury frå elleve nasjonar delte ut den ettertrakta prisen i totalt 15 kategoriar. PÖTTINGER mottok den prestisjetunge prisen i kategorien «slåmaskin». Juryen roste den enkle monteringen uansett traktormerke og modell og den revolusjonerande kinematikken i den aktive hovudramma. Med ALPHA MOTION-fjæring tilpassar heile frontslåmaskina seg bakken. Kvar bevegelse styrer hovudramma for å sikra eit «flytande kutt» sjølv i høge fartar.
Fordelene med frontslåmaskin ALPHA MOTION
Det unike opphenget gir ein jamn, effektiv avlastning over det vertikale arbeidsområdet på heile 500 mm.
Slåmaskinen rører seg 12 grader opp og 9 grader ned. Det gjer at frontslåmaskina unngår å »stanga» ned i jorda. Verken maskin eller grastorv blir øydelagt.
Knivbjelken løftar seg ikkje sjølv om ein køyrer fort.
Stor bakkeklaring på 350 mm under transport og på vendeteigar.
Utforminga til frontslåmaskina gir føraren god oversyn over heile arbeidsområdet.
Slåmaskina rører seg nesten vertikalt med kort vandring på kraftoverføringsaksla og vesentleg lågare dynamiske belastningar.
Spesifikasjonar
Alpha motion trepunktsinnfesting
Heavy-duty tindeinnfesting
1000 omdr. pto
Sentralsmørings blokk
Pto aksel med overbelastningskopling
Fjæravlastning vektavlastning på slåtteaggregat
Hydraulisk heving av slåtteaggregat
Hurtigskift av knivar
Bredspredeutstyr
Behov hydraulisk uttak,1 enkeltvirkende-hd kit standard på 351 modellar