Frontslåmaskin Novacat Classic
Moderne design – klassisk driftsikkerhet
Når NOVACAT CLASSIC modellane vart utvikla var det viktig å laga ei modellrekke med låg vekt. Den enkle koplingsrammas kompakte konstruksjon og bruk av formpressede deler med låg vekt er viktige detaljar ved desse maskinene. NOVACAT CLASSIC frontslåmaskin møter òg krava om eit effektivt oppheng med gode evner til å følgja underlaget.
Likefram, praktisk konstruksjon med ypperleg vektoverføring
To sterke fjører sørger for eit jamt marktrykk over heile arbeidsområdet til knivbjelken på frontslåmaskina. Det optimale marktrykket til knivbjelken kan justerast hurtig og greitt ved å endra lengda på kjettingen.
Frontslåmaskin – Meister i bakkekontakt
Det er koplingsramma som gjer at den tilpassar seg så godt til underlaget. Den gjennomtenkte tilkoplingsgeometrien bringar tyngdepunktet nærare traktoren i alle arbeidsstillingar. Kulelager i opphenget til knivbjelken gir stor bevegelsesfridom. Med ein pendling på +/- 8 grader blir knivbjelken ført presist over alle ujevnheter på bakken. Stabiliseringsfjærer er integrert i tilkoplingsramma, som sentrar slåmaskina under transport.
Individuelt justerbare skårskiver
Dei to ytste skivene på kvar side av knivbjelken roterer parvis inn mot midten. Dei individuelt justerbare skårskivene bidrar til å laga riktig skårbredde. Skårskiver som lagar ekstra smal skår kan leverast som tilvalgsutstyr.
Køyr frå jorda, ut på vegen utan å gå ut av traktoren
Vernebøylene på sidan er laga av pressa stålprofil i full lengde. Hydraulisk regulering kan leverast som tilvalgsutstyr.
Brei, frontslåmaskin
NOVACAT 351 CLASSIC frontslåmaskin toppar lista over den moderne modellserien vår av frontmonterte slåmaskiner utan stengelbehandlar. Sjølv på denne breie frontslåmaskina er koplingsramma laga slik at tyngdepunktet ligg i midten og svært nært til traktoren. Derfor følgjer det òg underlaget så godt.
Spesifikasjonar
Classic tilkoplingsramme til a-rammeoppheng
Heavy-duty tindeinnfesting
Pto aksel med overbelastningskopling
Fjæravlastning på slåtteaggregat
Hurtigskift av knivar