Slåmaskin GMD 1000 Serie Kuhn
Maksimal effektivitet og anvendelighet med trepunktsmontert slåmaskin
Effektiv slått, godt fôr og låge kostnader er avgjerande for lønnsemda i husdyrhaldet. Ei slåmaskin skal vera effektiv, vara lenge, halda seg godt i pris og bidra til eit høgt næringsinnhald i fôret.Dette har vore leiande prinsipp under utviklinga av GMD 1011 LIFT-CONTROL-serien. Takka vera LIFT-CONTROL-fjæringen kombinert med tryggingssystemet NON-STOP, følgjer slåmaskina nøyaktig etter underlaget og svingar automatisk unna for hindringer. Reparasjons- og vedlikehaldskostnadene blir haldne nede og fôrkvaliteten er utmerkt.Det er fem GMD 1011 LIFT-CONTROL maskiner, konstruert for traktorar frå 80 hk: GMD 2811 (2,67 m), GMD 3111 (3,10 m), GMD 3511 (3,51 m), GMD 4011 (3,95 m), GMD 4411 (4,35 m).
Si ja til effektivitet, si nei til forureina fôr!
Desse modellane blir leverte i fem arbeidsbreidder (frå 2,67 m to 4,35 m) og er ideelle slåmaskiner for entreprenørar og middeltore og store gardar. Gjer grovfôrproduksjonen lønnsam med det eksklusive LIFT-CONTROL opphenget i kombinasjon med NON-STOP tryggingssystem
Nøkkelen til reint fôr LIFT- CONTROL hydro-pneumatisk fjæring
Disse modellane blir leverte i fem arbeidsbreidder (frå 2,67 m to 4,35 m) og er ideelle slåmaskiner for entreprenørar og middeltore og store gardar. Gjer grovfôrproduksjonen lønnsam med det eksklusive LIFT-CONTROL opphenget i kombinasjon med NON-STOP tryggingssystem.
OPTIDISC ELITE: Den uslåelige slåttebjelken
Slåttebjelken OPTIDISC ELITE er utvikla saman med bønder. Variabel avstand mellom skivene, store overlappingssoner og redusert vinkel på OPTIDISC slåttebjelke gir deg den kvaliteten du treng. FC 1030 TRIPPEL er utstyrte med OPTIDISC ELITE slåttebjelke og dei siste oppgraderingane som garanterer eit reint kutt til kvar tid. OPTIDISC ELITE slåttebjelke har dissa spesielle eigenskapane: Overlappingssonen er nesten dobla. Det gir betre slåttekvalitet under fuktige, klissete forhold (eller på felt med mykje muldvarp), i tunge og liggande avlinger, og ved sen slått om hausten.Mindre stigningsvinkel: Dette forhindrar det ujamne, bølgande kuttet som kan oppstå ved låg stubbhøgde. Jamt snitt stimulerer òg homogen og rask gjenvekst og gjer det lettare å justera høstemaskinene som kjem etter.Nye skivelager med spesiell form og feste som held knivane godt på plass i tilfelle støyt, samtidig som dei gir 360 ° rotasjonsfridom.På ujamne felt eller når engbunnen er våt og klissete, kan jord byggast opp føre ein slåttebjelke, men det skjer ikkje når ein køyrer med OPTIDISC ELITE! Han har spesialkonstruerte glidesko som har låg friksjon og er skånsame mot engbunnen. Ein annan fordel er at fôret blir reint verande og beheld kvaliteten sjølv om forholda er vanskelege.
Desse slåmaskinene følgjer underlaget særs nøyaktig takka vera pendelopphenget
Slåttebjelken er opphengt i tyngdepunktet.Dreiepunkt i midten sikrar stabilitet og jamne bevegelsar, sjølv på særs ujamne underlag. Evna til å følgja underlaget er perfekt, sjølv når ein køyrer fort. Maskina er skånsam mot engbunnen og forureiningsnivået i fôret er minimalt. GMD 1011 LIFT-CONTROL slåmaskiner etterlèt ein jamn stubb og følgjer bakkekonturane nesten perfekt takka vera
Stor pendling i opphenget og
Arbeidsvinkel opp til 31°.
Det er imponerande tal som bevis at KUHN har gjort alt for å forbetra fôrkvaliteten!
Ekslusivt: Eit praktisk oppheng for både slått og transport
I dag er det eit krav å kunna køyra fort langs vegen mellom felta. GMD 4011 og 4411 slåmaskiner har hydro-pneumatisk fjæring som gjer køyringa jamn og særs komfortabel. Fjæringen dempar brå bevegelsar på ujamne vegar så stabilitet, trygging og køyrekomfort blir optimal Fjæringen er òg veldig praktisk og brukarvennleg på vendeteigane.