Slåmaskin FC 1015 Kuhn

Absolutt den mest komplette!

KUHNs nye trepunktsmonterte slåmaskiner; FC 3115 D og FC 3115 R, kombinerer for første gang stengelbehandlar, LIFT-CONTROL fjærande oppheng og vertikal sammenfolding til transportstilling! Desse heilt nye, komplette slåmaskinmodellane har ei arbeidsbreidde på 3,10m. Dei er berekna for entreprenørar og større grovfôrprodusenter og kan kombinerast med frontmonterte slåmaskiner for å auka kapasiteten ytterlegare. Det spesielle, fjærande LIFT-CONTROL-systemet kombinert med NON STOP-sikkerhetsutløser, sørger for at desse maskinene følgjer underlaget nøyaktig sjølv om forholda varierer. Maskinene har vedlikehaldsfri OPTIDISC ELITE slåttebjelke med dei siste oppgraderingane og knivar med FAST-FIT feste.

Absolutt den mest komplette!

Dette er den første trepunktsmonterte slåmaskina i KUHN-familien som har 3,10 m arbeidsbreidde, stengelbehandlar, LIFT-CONTROL fjæring og vertikal sammenfolding til transportstilling.


Den første FC med vertikal sammenfolding til transportstilling

Stengelbehandler med hengsla stålfingrar

Stengelbehandlere med DIGIDRY hengsla stålfingrar er perfekt tilpassa vanskelege forhold. Med ein trommel på 540 mm har denne stengelbehandlaren særs stor kapasitet:

  • Jamn fortørking over heile breidda sjølv under vanskelege forhold.

  • Redusert effektbehov i tunge, lange avlinger.

  • Dei hengsla fingrane bøyer unna for fremmedlegemer.

  • Fôret kan leggast i rankar eller blir spreidd utover.

Stengelbehandlaren har to fartar så han kan tilpassast forholda. Redusert fart (755 o/min) er ideell for ømtålege avlinger og sparer drivstoff under slått med små avlinger. Høgaste fart (1000 o/min) passar i tette, tunge avlinger.

Stengelbehandling med SQUAREFLEX polyuretan-valsar

Stengelbehandlarar med SQUAREFLEX valsar har ein spesiell profil som er ideell for ømtåleg fôr som t.d. kløver og passar òg veldig godt i tungt og langt fôr. Takka vera det spesielle overflatemønsteret til polyuretanvalsane blir plantane krympa gjennom ein jamn bevegelse. Den store diameteren til valsane gir høg kapasitet og kastar avlingen effektivt bakover så han ikkje viklar seg om valsane. Trykket mellom valsane kan regulerast med ein lett tilgjengeleg skrue. Valsane kan pressast frå kvarandre så fremmedlegemer kan passera gjennom. Den bakare valsen blir driven via to girkasser og ei vedlikehaldsfri drivlinje. Den øvre valsen blir driven av eit spesielt tannhjul. Konstruksjonen sikrar varig, perfekt synkronisering og lite behov for vedlikehald! Ein test frå 2016 utført av Arvalis (French agronomical institute ved Chamber of Agriculture) og FD CUMA viser godt korleis valsane verkar. Ein kan spara omtrent 100 kr/då/år og oppnå tørking til nærare 80% TS allereie etter den andre natta, medan andre løysingar oppnår dette resultatet først etter den tredje natta. Noko å tenka på neste gang det skal investerast i slåmaskin.

Vertikal sammenfolding til 126°

Slåmaskina blir opp folda i ein vinkel på 126° for transport. Då kjem maskina tett inn mot midten av traktoren og kan køyrast trygt og behageleg langs vegen.


 
 
 
Slåmaskin KuhnGasta Design