Slåmaskin FC 104 Kuhn

Sei ja til effektivitet og nei til forureina fôr!

Som gardbrukar veit ein at effektivitet og god økonomi går hand i hand. Nøkkelen til kostnadseffektiv drift er å sørga for at besetninga får fôr med høgt næringsinnhald og at høstemaskinene er effektive og varige. Dette er dei leiande prinsippa i utforminga av FC 104 LIFT-CONTROL®-serien. Med LIFT-CONTROL®-oppheng og NON-STOP sikkerhetsutløser, følgjer slåmaskina konturane i underlaget og vik automatisk unna for hindringer. Då blir det låge reparasjons- og vedlikehaldskostnader og høg kvalitet på fôret.

Stengelbehandlaren gir redusert tørketid.Vel ein stengelbehandlar som passar til den avlingen det blir mest dyrka av. Stengelbehandlar med nylonfingrar gjer maskina lettare og passar på avlinger som blir hausta fleire gangar. DIGIDRY® stålfingrar er effektive, spesielt i lange, tunge avlinger. Modellane med polyuretanvalsar passar godt i avlinger med mykje bladmasse.

Sei ja til effektivitet og nei til forureina fôr!

Desse modellane blir leverte i tre arbeidsbreidder på 2,40 m, 2,80 m og 3,11 m og passar svært godt for entreprenørar og gardar med store areal. Dei gjer grovfôrproduksjonen lønnsam med det eksklusive LIFT-CONTROL®-systemet og NON-STOP sikkerhetsutløser.


Stengelbehandlar for tørre avlinger

Lette nylonfingrar

Nylonfingrene skrapar i overflata til plantane og øydelegg det vernande vokslaget så avlingen tørker fort. På trepunktsmonterte maskiner krev eventuell ekstra vekt på slåmaskina ein større bæreramme. Derfor blir trunge ein tyngre traktor som bruker meir drivstoff. Desse V-forma fingrane er ikkje berre lettare, dei er òg veldig effektive. Dei er laga av fleksibelt, men svært holdbart materiale.

  1. Når dei er i kontakt med eit fremmedlegeme, gjer deira sideveges fleksibilitet at dei kan vika unna før dei går tilbake til utgangsposisjonen utan å bli skadd.

  2. I rotasjonsretninga er dei derimot stive så dei legg avlingen i jamne, luftige rankar.

Intensiteten til stengelbehandlaren kan justerast ved å:

  • Justera ledeplaten.

  • Justera kammen.

  • Justera turtalet til stengelbehandlaren.

LIFT-CONTROL® stengelbehandlar med fleksible fingrar eignar seg til bredspredning utan at ein må demontera ledeplatene.

DIGIDRY® stålfingrar er effektive under forskjellige forhold.

Stengelbehandlar med rotor og stålfingrar er særs effektive både i kort og langt, kraftig og mode gras. Stor kapasitet sørger for jamn avlingsstrøm gjennom maskina. Effektbehovet for slike stengelbehandlarar er lågt, med høg gjennomstrømning utan at noko blir resirkulert. Fingrane kastar fôret oppover så det fell ned igjen i ein luftig, velforma ranka. Det gir rask tørking og fôr med høg næringsverdi.Stålfingrar kan òg brukast i bladrike avlinger. Intensiteten til stengelbehandlaren blir justert for å bevara blada på stilkene så næringsinnhaldet og kvaliteten i fôret blir behalde.Intensiteten kan justerast ved:

  • Justera ledeplaten.

  • Justera kammen.

  • Justera turtalet.


Stengelbehandlar med polyuretanvalsar for bladrike avlinger

Belgvekster i fôret reduserer behovet for bruk av kraftfôr.Ein test utført av Arvalis Chamber of Agriculture and the machinery cooperative FD i 2016 framheva tørkemønstera etter forskjellige stengelbehandlarar (fingrar eller vals av nylon eller stål). Stengelbehandlaren med polyuretanvalsar kom best ut:

– Innsparing på ca 100 euro/ha/slått med valsar

– Tørking nær 80% av TS etter andre natt samanlikna med dei andre metodane som oppnådde dette resultatet etter tredje natt.
Er dette nok til å anbefala stengelbehandlar med valsar? Den spesielle overflata på valsane krympar plantane i ein regelmessig bevegelse gjennom maskina. Den store diameteren til valsane får dei til å kasta avlingen langt bakover og hindrar at han blir fast vikla.Den øvre valsen blir driven via eit enkelt kjede medan den nedre blir driven av tre kilereimer. Dei to valsane er synkroniserte med ein fart på 1000 o/min som er optimalt under nær sagt alle forhold. Konstruksjonen er slitesterk og krev lite vedlikehald.


 
 
 
Slåmaskin KuhnGasta Design